Vekerapporten frå Helsedirektoratet viser at nær halvparten av kommunane melder at situasjonen i helsetenesta framleis er vanskeleg. Det er høgt sjukefråvær og mangel på vikarar som gjev størst utfordringar for kommunane.
Fleire trur vi snart kan leve som normalt
Befolkningsundersøkinga frå veke 6 viser at stadig fleire trur vi snart kan leve som normalt. 68% svarte dette, mot 61 % veka før. Utover dette er det berre mindre endringar i svara samanlikna med veke 5.